Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen 2020

Praktisk info

Fra: 08.08.20 10:00

Til: 08.08.20 17:00

Adresse: Vågavegen 116, 4130 Hjelmeland, Norge

Forening: Jærsoppen

Region: Rogaland

Pris medlem: Gratis:

Pris ikke-medlem: Gratis:

Arrangementet er allerede ferdig

Velkommen til Jærsoppens stand for soppkontroll og inspirasjon!

For tredje året på rad ønskje Hjelmeland turlag velkommen til Sankefestivalen i Hjelmelandsvågen
– ein festival med fokus på naturbaserte produkt og opplevingar.
Her kan du delta på kurs, foredrag, konkurransar, fiskeaktivitetar eller berre tusle rundt på Sanketorget og besøke festivalkafèen.
På grunn av korona er det påmelding for alle. Det gjer du på nettsida https://www.stf.no/sankefestivalen/.
Du kan òg melde deg på til ein av våre frivillige ved inngang til Vågen, dersom det er ledige plasser.
For at fleire skal kunne delta, har me delt dagen i to bolkar. Det er gratis å delta på sjølve festivalen, men betaling for kurs og foredrag. Festivalpass blir delt ut når du kjem.
PROGRAM KL 10.00 – 17.00
• Ope sanketorg med aktivitetar
• Open kafé med lokalmat ved festivalkokken Dariusz
• Pilflettekurs – Klara Pil
• Lag din eigen kjøkkenhage – Margunn Ueland
• «Bruk alt» og kurs i fermentering – kokken Heidi Netland Berge
• Nyttevekster og medisinske urter – foredrag med Kristine Enger, Sankeliv
• Tips til hausting året rundt – foredrag med Fru Johnsens sopp og nyttevekster
• Lokale fiskarar kjem inn med dagens fangst
• Sløying og grilling av fisk
• Lage din eigen pizza – for barn
• Premiering av beste sankeprodukt, saft og syltetøy
SANKETORGET
Lokalprodusentar og frivillige stiller ut sine produkt – og nokre smaksprøvar
• Honning – Farmeren – Preikestolen honning
• Frukt frå Helgøy
• Blåbær & Saft frå Hetlandsbygda
• Saueskinn frå Helgaland
• Syltetøy frå Litlestøl
• Produkt frå ut- og innmark
• Tang og tare – supermat i små posjoner
• Jærsoppen – Norges Sopp- og nyttevekstforbund avd. Sør-Rogaland med eit vell av produkt, gode tips og soppkontroll
• Fleire av dei som har kurs og foredrag møter du òg på Sanketorget
KONKURRANSE OM BESTE HEIMELAGA PRODUKT
Dette kan du vera med på!
Fram mot festivalen er det eit vell av produkt du kan hauste frå natur og hage. Sank inn og lag noko godt av det: saft , syltetøy, tørka urter, te, krydder, sopp….mm
Ta med det beste du har og bli med i konkurransen. Det er to klassar:
• Beste syltetøy/saft
• Beste sankeprodukt open klasse (foredla produkt som kan etast, drikkast eller smakast)
Me tar imot produkt i vårt sekretariat fram til kl 14.00 på festivaldagen
Jury kårar vinnarar. Premiering ca kl 15.30 på Sanketorget.
SPESIELT FOR BARN
Vi har eige program for barn
• Stintefiske – konkurranse
• Aktivitetar på kaien ved fiskebåtane.
• Natursti
• Lag din eigen pizza – med topping frå naturen
MAT OG DRIKKE
Dariusz Michalek riggar til kafe på dagen og utover ettermiddagen. Her kan du smake spanande retter med lokale råvarer og sankeprodukt. I tillegg blir det grilling av dagen fisk i sukkertare.
https://www.stf.no/sankefestivalen/
Frivillige i Hjelmeland Turlag står som arrangør i tett samarbeid Stavanger Turistforening, Jærsoppen, og fleire andre lokale frivillige . Festivalen skjer ute og inne i Vågen – midt i hjarta mellom fjord og fjell.
KONTAKTINFO
Hjelmeland Turlag
hjelmelandturlag@stf.no eller
Svanhild Hjorteland Gbada, 970 07 636
MEIR INFO OG PÅMELDING
https://www.stf.no/sankefestivalen/. Her kan du og sjå bilder frå Sankefestivalen i 2018 og 2019.